Jubileumsbanner 2012

Camaro 1967

camarorotopp.jpg 

Frå litt sliten 46 åring til rålekker draum.

Ståle kjøpte sin Camaro SS 67modell i 2005. Ho hadde då hatt to eigarar.
Ståle hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å gjere så mykje med den ”gamle dama”

1967 camaro 1.jpg 
Camaroen var i forholdsvis god køyrbar stand. Men etter å oppdage at alderen og eit langt liv hadde tært på
pakningar og karosseri med lekkasjar i mellom anna bagasjerom, måtte noko gjerast. Rusten lurte også fleire stader.
Avgjerdsla vart å gjere ein grundig og profesjonell restaurering av bilen.

camaro-strippet.jpg
Ståle tok så til med det 5år lange prosjektet med å få Camaroen klar slik den no er. Ståle demonterte bilen til
kun skalet var att. Me fekk karosseriet inn totalt strippa og klar til grundig ”makeover”.
camaro-sandblaasjpg.jpg 
camaro-strippet2.jpgcamaro-klartillakk.jpg
Me starta med å slipe ned til stålet og sandblåse alle stader der rusten låg og lurte. Grunning og priming etter
alle kunsten reglar før karosseriet fekk sin nye ravsvarte og glinsande svarte farge "Tuxedo Black"
ferdigbil1.jpgferdigbil2.jpgferdigbil3.jpgcamaro-understell1.jpg 
Ståle fekk att det prikkfrie karosseriet frå oss. Han hadde sjølv restaurert ramma og gjort klar motor,
gearkasse hjulstilling og bremser. Denne unike bilen er eit døme på kor fantastisk resultat det er mogeleg
å oppnå, når bileigaren bestemmer seg for at kun det beste er godt nok og at en ikkje tek snarvegar.
Betre enn dette vert det ikkje.
ferdigbil5.jpgferdigbil6.jpgferdigbil4.jpgferdigbil7.jpg

What You see is what You get

Bilen ser betre ut enn når den var splitter ny, og det er den... Heilt ned til minste skruve er bilen perfekt. Ståle
har brukt mykje tid på reaserch og finne fram til nye deler, det aller meste har han importert frå USA. At bilen
verkeleg er så bra som den ser ut til vart testa sommaren 2010, då vart ferieturen lagt til Tyskland via Danmark.
I tillegg til den dryge bilturen fram og tilbake vart bilen testa på Autobahn med ”Freie Fahrt”
og hastigheiter kring 140 miles.

Bilen har etter at den var ferdig våren 2010 allereie delteke på to bilutstillingar. Begge med utmerkingar,
ei for ”Car of the Show” og ei for ”Jury´s Favourite”. Etter å ha lagt ned så mykje i prosjektet varmar det å sjå
at bilar som denne vert anerkjende og sette pris på.


Bilen fekk heile 3000 nye miles på speedometeret sommaren 2010 før den vart parkert for vinteren.
Me ynskjer Ståle lukke til vidare og er stolte over å ha fått vere med på eit slikt spennande prosjektet.

Les meir om Ståle og Camaroen på: www.lateral-g.net/members/feroy